Sykehus

Nye studieplassar på sjukepleie over heile landet

Regjeringa har fordelt 300 ekstra studieplassar i sjukepleie til 11 universitet og høgskular.

Nye studieplassar på sjukepleie over heile landet

Regjeringa har fordelt 300 ekstra studieplassar i sjukepleie til 11 universitet og høgskular. 

Behovet for fleire sjukepleiarar er stort. Difor aukar regjeringa kapasiteten med 500 studieplassar frå hausten 2022. No er 300 av plassane finansierte med friske midlar  fordelte og det er Universitetet i Agder og Høgskulen i Molde som får flest nye studieplassar.

              

– Behovet for sjukepleiarar er stort, kanskje spesielt i distrikta.  Det å ha nok fagfolk i helse- og omsorgstenestene der folk bur, er eit viktig mål for regjeringa. Pandemien har gjort det endå tydelegare at vi treng fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. No aukar vi utdanningskapasiteten ved høgskular og universitet frå Agder i sør til Nordland i nord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

300 av studieplassane blir  finansierte med 14,3 millionar kroner i 2022. Pengane er fordelte med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå universiteta og høgskulane om kor dei har høve til å auke utdanningskapasiteten. Regjeringa har spesielt oppmoda institusjonane om å prioritere utdanningar i spesialsjukepleie.

– Det er mange gode kandidatar som søker seg til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane, men som ikkje kjem inn fordi det manglar studieplassar. Det er  særleg behov for fleire spesialsjukepleiarar. Derfor skal institusjonane prioritere vidareutdanning for jordmødrer, helsesjukepleiarar, og anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon- og kreftsjukepleiarar, seier Borten Moe.

Tilbakemeldingane viser at fleire institusjonar følger opp målet til regjeringa om fleire utdanningstilbod i distrikta. Fleire av studieplassane er derfor tildelte institusjonar som skal bruke dei på vidareutvikling av gode tilbod som fordelte over heile landet.  

Dei resterande 200 plassane til grunnutdanninga i sjukepleie, som regjeringa har bestemt skal vere klare til hausten 2022, skal utdanningsinstitusjonane finansiere sjølve.

 

Fordeling av dei nye studieplassane på ulike studiestadar/geografi

Institusjon

Nye studieplassar

Geografi

Lovisenberg diakonale høgskole  10Oslo

Høgskulen på Vestlandet   14Blir fordelte mellom Haugesund, Bergen og Førde

Universitetet i Agder    59Kristiansand og Grimstad

Universitetet i Stavanger   20Stavanger

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet   4Gjøvik

Høgskolen i Østfold   43Plassane til grunnutdanninga er tenkt brukt til desentralisert utdanning i Indre Østfold, plassane til spesialsjukepleiarutdanninga er i Fredrikstad

Høgskolen i Innlandet  4Ikkje avklart

Høgskolen i Molde – vitskapeleg høgskole i logistikk   52Kristiansund og Molde

Nord universitet   25Desentralisert utdanning - plassane blir fordelte på fem regionar ut frå søkargrunnlag/etterspørsel i dei ulike regionane.

Spesialsjukepleiarutdanninga er i Bodø.

VID vitskaplege høgskole   32Plassane til grunnutdanninga er i Sandnessjøen, plassane til kreftsjukepleiarutdanninga er i Oslo eller Bergen.

Universitetet i Søraust-Noreg   37Campus Vestfold

SUM    300

Oversyn over ekstra studieplassar som universiteta og høgskulane skal prioritere innanfor eige budsjett

Institusjon

Fordeling innanfor eiga ramme

OsloMet  30Høgskulen på Vestlandet   30Universitetet i Agder  20Universitetet i Stavanger   20UiT – Noregs arktiske universitet  15Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet  25Høgskolen i Østfold  10Høgskolen i Innlandet   10Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskole i logistikk   10Nord universitet  10Universitetet i Søraust-Noreg  20

SUM   200