Budsjettet i fylket: Nye løft for skule, psykisk helse, fylkesvegar og frivilligheit
Me aukar midla til samferdsel og opplæring med respektive 31 og 11 millionar kroner i forhold til rådmannen sitt budsjettforslag for 2022. I tillegg sett me av 6,2 millionar meir til kultur, frivilligheit og næringsutvikling.
Dei auka frie inntektene frå regjeringa sin tilleggsproposisjon bidrar til å gi etterlengta handlingsrom i eit elles stramt fylkesbudsjett. Det er me glade for. Saman med H, Sp, KrF og V har me klart å landa eit budsjett for Rogaland som me kan vera stolte av.
- Med 49 millionar kroner ekstra i frie inntekter blir det heldigvis rom for å auka handlingsrommet for dei vidaregåande skulane, vidareføra innsatsen innan psykisk helse og redusera sparetiltak innan både fylkesvegar, kollektivtransport og båtruter, seier vår eigen fylkesordførar Marianne Chesak.
Samstundes som me legg inn ekstra pengar i drifta til samferdsel, opplæring, kultur og frivilligheit, vil det også skje ei rekke store investeringar i fylket i åra som kjem. Totalt skal 3 milliardar kroner investerast i mellom anna skulebygg, fylkesvegar, tunnelar, bruer og gangstiar berre neste år. 2022 er elles frivilligheita sitt år, noko mellom anna friluftsråda vil merka i budsjettet vårt.
- Me må rusta fylket vårt for framtida. Derfor er me glade for at me sørger for høge investeringar og mange arbeidsplassar i tida som kjem. Det er eit stort ansvar å sikra at me har trygge vegar for både harde og mjuke trafikantar i heile fylket. Talet på elevar i vidaregåande opplæring er dessutan i stadig vekst, og derfor er utviding og oppgraderingar av skulebygg eit svært viktig grep, seier gruppeleiar Daniel Bøhn Rayner.
Til tross for at fylkeskommunen er inne i ein tung investeringsperiode kor me har store prosjekt innan mellom anna skule og samferdsel, har me klart å legga opp til eit lågare gjeldsnivå enn det rådmannen hadde i sitt forslag, mellom anna gjennom auka overføring av middel frå drift til investering, samt eit noko lågare nivå på investeringsbudsjettet
Dei neste fire åra er det også sette av auka middel til vegvedlikehald, og rammeområdet samferdsel er styrka med 10 millionar kroner. Me set i tillegg fokus på å få meir veg for pengane og finna smartare løysingar når det gjeld vedlikehald av fylkesvegar. Satsinga på sykkel- og gangvegar er også veldig viktig for innbyggarar i heile fylket vårt.
Me har i tillegg lagt inn betydelege frie middel til dei vidaregåande skulane våre – 4,4 millionar i 2022, og deretter 7,5 millionar i 2023 og 2024 og 10 millionar kroner i 2024. Me har også sette av 5 millionar årleg til psykiske helsetiltak for å følga opp elevar som slit psykisk. I tillegg aukar me midla til kontaktlærarressursar med 4 millionar, og vidarefører gratis skulefrukost og satsinga på nullvisjonen mot fråfall i vidaregåande skule.
- Dei vidaregåande skulane har vore under eit stort press som følgje av nødvendige innsparingar, og me ønsker å kompensera for noko av dette ved å gi dei litt meir i frie middel. Skulane står fritt til å disponera desse til dømes til vikarbruk, spesialundervisning, miljøarbeidar- og/eller sosialrådgjevarressurs, for å nemna noko. I tillegg skal sanitetsprodukt bli gjort tilgjengeleg for alle elevar som treng det, seier Bøhn Rayner (Ap).
Nokre av våre konkrete satsingar i 2022-budsjettet:
·Rehabilitering og utviding av Godalen vidaregåande skule fortsett for fullt i 2022. Totalt blir det sette av 194,6 millionar til prosjektet neste år. I tillegg er det lagt inn store beløp til oppgraderingar og nybygg på dei vidaregåande skulane Haugaland, Hetland, Skeisvang, Sola, St. Olav, Ølen og Åkrehamn.
·Det blir i planperioden sette av middel til utvidinga av Flyhistorisk museum på Sola. Tilskota til Dalane folkemuseum sitt vitenmuseum i Jøssingfjord og Vestnorsk jazzsenter vert også auka, og det blir sette av pengar til Friluftsrådet vest sitt friluftshus. I tillegg får Jæren friluftsråd middel til ny lastebil, og det blir ei generell prisjustering for alle friluftsråda. Dette gjer mellom anna at Jæren friluftsråd kan fortsetja det gode arbeidet med å rydda strender og friluftsområde for søppel.
·Det har vore eit stort etterslep i utbetalingar av fylkeskommunalt tilskot til regionale idrettsanlegg, noko som fører til at mange må venta i fleire år på å få utbetaling, samtidig som det ikkje har vore mogleg å gi støtte til nye anlegg. No blir det tatt eit skippertak med auka utbetaling i 2022, slik at køen og ventetida blir redusert.
·Me løftar gang- og sykkelvegen frå Leidland til Skadberg langs Fv. 65 Ytstebrødvegen på Nordre Eigerøy tilbake i budsjettet med 10 millionar kroner allereie frå 2022 slik at arbeidet med den etterlengta gang- og sykkelvegen kan starta. Det vert deretter sette av 38 millionar i 2023, 10 millionar i 2024 og 55 millionar i 2025 for å fullføra prosjektet.
·Me har lagt tilbake midla til vedlikehald av nordre kai på Utsira slik at det nødvendige vedlikehaldsarbeidet kan settast i gang.
·Me legg inn middel for eigenandel i Hent meg-ordninga, slik at mellom anna innbyggarane i Eigersund får eit fullfinansiert tilbod.
·Me set av store summar for å ivareta kollektivtilbodet på Nord-Jæren.
·Me har lagt inn middel for kapitalkostnadar for ei eventuell forskuttering av rassikring langs riksveg 13 Lovraeidet – Rødsliane. I tillegg går me no i møter med samferdselsministeren for å legga press på regjeringa i saka.
·Me har lagt inn betydelege frie middel til dei vidaregåande skulane våre – 4,4 millionar i 2022 og deretter 7,5 millionar i 2023 og 2024 og 10 millionar kroner i 2024. Dette for å avlasta skulane og gje dei etterlengta handlingsrom til å setja inn ekstra vikarar, styrka spesialundervisninga, ansette fleire sosialrådgjevarar osv. Me forpliktar også alle skular til å gjere tilgjengeleg sanitetsprodukt til alle elevar som treng det på ein lågterskel måte.
·Me reverserer kuttet til Haugaland Vekst slik at dei vil få 200.000 kroner i årlege tilskot frå 2022-2025
·Me ber fylkesrådmannen gå i dialog med aktuelle kommunar som ønsker å vera med på eit læreplassgaranti-prosjekt sånn at me får dette i gang frå hausten 2022.